Adaptable courses and modules – HLB

Adaptable courses and modules

HLB tilbyr skreddarsydde mindre modular/kurs som er særleg eigna som etterutdanning og/eller fagleg spesialisering. Desse kursa er prosjektorganiserte, og kan arrangerast over heile landet og tilpassast lokale utfordringar og ressursgrunnlag.

På skattejakt i lokalmiljøet

HLB tilbyr i vårsemesteret 2013 eit eige høgskulekurs – På skattejakt i eige lokalmiljø – i det å kunna identifisera, fortolka og formidla natur- og kulturressursar i eigne omgivnader. Hovedvekta i kurset ligg på verdiskaping, og studentane vil få både teoretisk og praktisk opplæring. Ei rekkje gode døme vil og bli presenterte. Studiet vil gå på Helgeland og ha særleg fokus på ressursane i denne spennande regionen.

Opplevingsøkonomien er i rask vekst, og innanfor ei rad verksemder stillest det stadig større krav til formidling og historieforteljing. God formidling aukar verdien av produktet/tenesta. I småskala reiseliv kan slik kunnskap vera avgjerande for å lukkast. Dette studiet gjev spesialkompetanse i stad- og ressursformidling.

Det samlingsbaserte kurset gjer 15 studiepoeng og studieansvarleg er høgskulelektor ved HLB, Eli-Grete Høyvik. Høyvik har lang erfaring med formidling/fortolking (interpretasjon) både som teori og praksis.

Meir informasjon om studiet:
Mer info
Pensumliste

Fagkurs i samfunnsentreprenørskap

Kommunar og bygder/stader som arbeider aktivt med lokal utvikling er oftast dei som lukkast best når det gjeld både nærings- og befolkningsutvikling.

HLB tilbyr no Fagkurs i samfunnsentreprenørskap, eit høgskulekurs som gjev skreddarsydd og praktisk kunnskap om korleis ein kan lukkast med lokalt utviklingsarbeid.

Kurset skal arrangerast i Hordaland, og er ein del av den regionale partnarskapen i Hordaland sitt arbeid med LUK – lokal samfunnsutvikling i kommunane. Kurset vart arrangert første gong våren 2012 med særs gode tilbakemeldingar frå studentane.

Sentrale tema er:

  • Kva er ressursgrunnlaget vårt, og korleis vidareforedlar me dette?
  • Korleis arbeider me med lokal mobilisering og medverknad?
  • Kva rolle kan kommunen spela i lokale utviklingstiltak?

Kurset gjev 10 studiepoeng.

Søknad om opptak skjer gjennom å fylla ut HLB sitt ordinære søknadsskjema. Søknadsfrist er 15 januar 2013.

Invitasjonsflyer Høgskulekurs i samfunnsentreprenørskap.
Studieplan Høgskulekurs i samfunnsentreprenørskap 10 studiepoeng.

For meir informasjon:
Rektor Dag Jørund Lønning, HLB

Seniorrådgivar Jorun Gjørwad, Hordaland fylkeskommune
jorun.gjorwad@post.hfk.no Tlf: 99 55 95 84

Fagkurs i samfunnsentreprenørskap skal arrangerast i Ryfylke hausten 2013.