Creativity and the practice of development – HLB

Creativity and the practice of development

Kurset Nyskaping og utviklingsarbeid handlar om å skapa verdiar – sosiale, kulturelle og økonomiske. Det handlar om:

  • Det skapande mennesket
  • Kreativitet
  • Produktutvikling og -merking P1040048_816_x_612
  • Ressursidentifikasjon og ressursutvikling
  • Natur- og kulturbasert næringsutvikling
  • Entreprenørskap
  • Stadutvikling
  • Samskaping og nettverksskaping
  • Lokalt/regionalt særpreg – og korleis utnytta dette
  • Korleis bruka lokale ressursar på nye måtar.
  • Korleis utvikla nye produkt, næringar og bedrifter

Det er nye idear og satsingar som skaper framtida. Gjennom årsstudiet Nyskaping og utviklingsarbeid lærer du å verkeleggjera idear og å sjå med nye auge på dine eigne omgivnader: Kan me bruka ressursane våre på nye måtar? Kan eg utvikla verksemda mi vidare? Eller kanskje ønskjer eg å starta ny verksemd basert på garden/staden sine særpreg? Korleis mobilisera for gode idear og livskraftige lokalsamfunn?

Faget har relevans for alle som arbeider med utvikling, både i næring, kultur- og organisasjonsliv og i offentleg sektor.

Studiet vil vera med å gje

  • Auka innsikt og forståing i verdiskaping, entreprenørskap, kreativitet, produktutvikling og kommersialisering.
  • Kunnskap om korleis stader og lokalsamfunn kan endrast nedanfrå.
  • Personleg utvikling; handlekraft, vågemot, åpenheit, bevisstgjering av eigne evner og eige rom til å skapa, nysgjerrigheit og det å sjå nye samanhanger.

Studiet vil motivera til

  • å starta eiga verksemd
  • å fornya eksisterande verksemder
  • produkt-, prosess- og metodeutvikling
  • utviklings-, undervisnings- og rettleiingsarbeid i offentlege og private institusjonar
  • utvikling av nye næringar og yrke

Studieplanen er delt inn i tre fagområde:

  • Nyskaping, entreprenørskap og kreativitet (30 stp)
  • Produktframtaking (10 stp)
  • Utviklings-/BA-oppgåve (20 stp)

Studieplan Nyskaping
Prisar Nyskaping 2016 2017

Studieansvarleg:

Professor Dag Jørund Lønning.

Medarbeidarar/forelesarar:

Dr. Rhys Evans
Dr. Eli Janette Fosso
Eli Grete Høyvik