The equine economy – HLB

The equine economy

Hestehald er i vinden som aldri før, og hesten er og ein stadig viktigare del av norsk landbruk. Hest som hovud- eller tilleggsnæring kan bidra til å skapa arbeidsplassar og aktivitet på gardane og representera ei inntektskjelde for eigarane i tida framover.

Studiet Hest i næring går nærare inn i eit breitt spekter av hesteverksemder og måtar å bruka hesten i næringsutvikling, og vil og gje studentane ei brei forståing av hesten si rolle i norsk bygdeliv og identitet. Arealplanlegging som tek omsyn både til hesten og andre brukarar er og ein viktig del.

Studietilbodet vender seg til ei brei målgruppe, blant anna personar som:

  • har lang praktisk erfaring med hest men manglar formell kompetanse,
  • ønskjer å spesialisera seg på å dyrka fôr til hest,
  • ønskjer å nytta garden til turisme og ser hesten som ein naturlig del av tilbodet,
  • ønskjer å utvikla eit ”Inn på tunet” – tilbod og vil nytta hesten i dette
  • ønskjer å utvikla tilbod om rideundervisning eller andre former for ridetilbod,
  • ønskjer å tilby oppstalling og treningsfasilitetar,
  • ønskjer å utvikla og tilby kursverksemd i ulike tema og retningar innan hestehald.

Modulen Hest i næring (HiN I) utgjer 30 studiepoeng. Modulen kan inngå som del av år 2 i BA nyskaping og samfunnsutvikling.

Studieansvarleg: Førsteamanuensis Rhys Evans.

Prisar HiN 2016 2017
Studieplan HiN modul I