General info – HLB

General info

Litt generell info om kursa våre – basert på spørsmål me ofte får:

  • HLB har ingen obligatoriske samlingar.
  • Valfrie BA-modular (År 2 av BA) går så lenge det er nok studentar. Dvs. kurs kan godt gå to år på rad. Endeleg avgjerd om studiestart blir tatt i løpet våren. Tidleg tilbakemelding frå studentane til oss om kva kurs ein ønskjer å ta, vil gjera det lettare å gje tidleg tilbakemelding.
  • Studieturar er inkluderte i kursavgift. Det er tydeleg spesifisert under “Prisar” kva som er inkludert i kursavgifta, og kva student må betala ekstra for. Dette varierer mellom dei ulike kursa. Studentar må difor nøye setja seg inn i kva som gjeld for eige kurs. Dette står på kvar kursside på heimesida.
  • HLB godkjenner – ved søknad – inntil 60 eksterne studiepoeng som del av vår BA grad. Studiepoeng blir godkjende så lenge dei har relevans i forhold til tematikken i graden. Det skal sendast ein førespurnad til administrasjon. Denne skal innehalda dokumentasjon på gjennomførte studiepoeng frå annan høgare utdanningsinstitusjon.
  • Pensumlister frå føregåande studieår kan sendast ved førespurnad. Pensum blir gjennomgått/revidert etter kvart studieår, og ny fullstendig pensumliste ligg føre ved studiestart.