Sjefsredaktør for nytt fagtidsskrift – HLB

Sjefsredaktør for nytt fagtidsskrift

Rektor ved HLB, professor Dag Jørund Lønning, er utnemnt til sjefsredaktør for det nystarta fagtidsskriftet Journal of Agricultural and Rural Research (JARR). Tidsskriftet har forankring ved to landbruksuniversitet i Bangladesh, men har elles ein redaksjon med forskarar både frå Asia, Afrika og Europa.

Det fagfellevurderte tidsskriftet kjem med første nummer no i sommar, og det er mogleg å senda inn artiklar fram til juni for dette første nummeret. Tidsskriftet har eit breitt fokus, og er ope for alt frå spesialiserte artiklar om landbruksproduksjon på den eine sida til artiklar om ulike sider ved bygdelivet på den andre. Ein ønskjer artiklar frå heile verda.

Lønning ser fram til arbeidet:

– Eg hadde berre sendt inn ein CV for vurdering til redaksjonsrådet, og vart difor både overraska og glad over utnemninga som sjefsredaktør. Tid har eg ikkje så mykje av, men eg vil likevel prioritera dette arbeidet. Det gjev rom til å utvikla nye og spennande kontaktar over heile verda. Og så får ein innblikk i ny og spennande landbruks- og bygderelatert forsking som blir utført i sør, forsking som ein elles høyrer alt for lite om. Eg håpar at både norske og skandinaviske forskarar og kunnskapsformidlarar ønskjer å bidra etter kvart. JARR blir ein fin arena for å utveksla kunnskap og idear mellom nord og sør.