Oppstart av Inn på Tunet-fagkurs i slutten av november

Fagkurs Inn på Tunet (10 studiepoeng)

I samarbeid med Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling tilbyr Inn på Tunet hausten 2017 eit spesielt utvikla fagkurs for nye – og eksisterande – Inn på Tunet tilbydarar.

OPPTAKSPORTAL IPT-KURS. 

Kurset byggjer på tre hovudpillarar:

  1. Inn på Tunet økonomien. Kalkulering og prissetjing. Gode og enkle system.
  2. Inn på Tunet og samarbeidspartnarane. Bli meir bevisste på kven som er gode samarbeidspartnarar i lokalsamfunnet og korleis/på kva område desse er avgjerande for å kunne gi og oppretthalde eit bærekraftig IPT-tilbod over tid.
  3. Kunderelasjonar. Forstå, tilpasse seg til og vidareutvikle god kjøparåtferd. Sikre at du og IPT-tilbodet ditt vert sett som attraktiv for kommunar (undervisning, helse og sosialt arbeid), helseføretaka og andre å samarbeide med. Det å få innpass hos kundane og etablere god forståing (både hjå dykk sjølve og hos kjøparane) for kva som er høg og godt tilpassa kvalitet. Det å marknadsføre tilbodet, både overfor kundar/kjøparar men og til lokalsamfunn og ålmenta. Det å skulle samarbeide med budsjettstyrte system.

Både nye og eksisterande Inn på Tunet-tilbydarar melder at dei har behov for meir og betre kunnskap om det bedriftsøkonomiske og praktiske ved å etablere og drifte slike tilbod og vite korleis ein best skal kunne samarbeide med relevante partnarar, kjøparar og kundar for å bygge eit tilbod som er berekratig på lang sikt.

Fagkurset er difor utvikla for å styrkje merksemda på og behovet for meirkunnskap om IPT-økonomi og drift, om det å sjå og bruke alle tilgjengelege ressursar (personlege og garden sine ressursar) og korleis du gjennom samarbeid med andre aktørar kan utvikle og styrke samarbeidet både med kundane og kjøpararane – men også med ditt eige lokalsamfunn.

Målet er å styrke deg som tilbydar i din praktiske kompetanse på dei område du møter i ditt daglege arbeid. Vi trur at dette vil auke verdiskapinga både hos den enkelte tilbydar, lokalt i bygda og for samfunnet som er kjøparar og brukarar av desse tenestene.

Kurset er bygt opp med fokus på å kunne identifisere, verdsetje og vidareutvikle eigne ressursar (økonomi, tenester, produkt, natur, kultur), etablere gode samarbeidstilhøve med kundane, og legg vekt på lokal medverknad og aktiv mobilisering. Dei sentrale spørsmåla vi stiller i kurset er:

  • Kva er – og kvar ligg mulegheitene i vårt eige ressursgrunnlag?
  • Kven er dei viktigaste aktørane for å kunne vidareforedle dette til berekraftige produkt – for oss og for samfunnet?
  • Korleis kan aktørane samarbeida breitt i denne vidareforedlinga – og kva rolle kan særleg lokalsamfunnet spela?
Praktisk info 
  • Kursansvarleg: Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
  • Påmelding: Frist 10. november. Bindande påmelding til HLB. Påmelding skjer her.
  • Kursinnhald: IPT-økonomi; IPT i lokalsamfunnet; Samarbeid for fagleg kvalitet
  • Kurset går over tre samlingar à to dagar og dei som ønskjer det kan ta eksamen. Kurset er godkjent med 10 studiepoeng som tel med om ein ønskjer studere vidare ved t.d. HLB
  • Kursstad: Studiesenteret Rauma på Åndalsnes. Det er mulegheit til at ein kan delta på skjerm om det er uråd å møte til ei samling
  • Kursavgift kr 6500 per deltakar
  • Samlingar: 23.-24. november og 25.-26. januar
  • Eksamen: 1. mars

Ta kontakt med Johan Barstad for meir informasjon: [email protected]

Studieplan, pensum, samlingsplan mm. Fagkurs Inn på Tunet 2017