Visions and strategies – HLB

Visions and strategies

Hovudvisjon:

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling skal vera eit leiande kunnskapsmiljø for livskraftige bygdesamfunn!

Vårt motto er: Kunnskap for utvikling! – kunnskap som blir produsert og formidla ved HLB skal i størst mogleg grad kunna setjast i aktiv bruk i lokale/regionale utviklingsprosessar.

HLB skal:

  • Vere ein aktiv partnar for utvikling av kunnskap, kompetanse og entreprenørskap i Bygde-Noreg
  • Tilby undervisning på høgskulenivå innan landbruk og bygdenæringar/bygdeutvikling.
  • Driva forsking og utviklingsarbeid som støttar opp om HLB sin visjon
  • Vere tilgjengeleg for studentar frå heile landet

Mål

Vi skal vere eit landsdekkande tilbod om utdanning og forsking tilpassa trongen til norske bygdesamfunn og bygdenæringar.

Vi skal vere ein organisasjon som har:

  • Høg kompetanse
  • Evne og vilje til å tilpasse seg
  • Storleik som gir økonomisk berekraft og tryggleik.

Fagretningar

HLB arbeider med følgjande tema:

Landbruk med aktivitet knytt til mellom anna:

  1. Innovasjon og entreprenørskap i landbruk og bygdenæringar.
  2. Nyskaping: det å kunna bruka eksisterande ressursar på nye måtar
  3. Økonomi og driftsleiing
  4. Hest og næringsutvikling
  5. Det skapande og kreative mennesket.
  6. Kulturlandskap/landskapsforvalting.
  7. Jordvern
  8. Teori-, metode- og strategiutvikling
  9. Reiseliv og opplevingsnæringar
  10. Oppstart av ny verksemd/entreprenørskap

Mål for miljøet på høgskulen

Miljøet på høgskulen – og grunnlaget for verksemda innafor undervisning, forsking og administrasjon – skal vere prega av:

  • Likeverd og samarbeid
  • Profesjonalitet og kvalitet
  • Kritisk haldning og opne diskusjonar basert på akademisk tradisjon
  • Utvikling og kreativitet
  • Lojalitet og ansvar
  • Nærleik, omsut og varme

Pedagogikken ved skulen er basert på dialog og aktiv deltaking frå studentane. Problembasert undervisning vert brukt når dette er mogleg. Alle skal kunne gi av sine røynsler, skapa ein aktiv erfaringsbasert prosess. Difor er det viktig å nytte gruppearbeid så mykje som råd. Det overordna kunnskapsmålet “utviklingskompetanse” handlar om at studenten skal kunna få auga på eigne evner til å skapa/endra. Undervisninga skal gje viktige verktøy for styrka studenten sin utviklingskompetanse.
Alle må bidra til at det blir eit trygt, varmt og godt miljø, der alle føler seg trygge til å krevje og yte, både fagleg og sosialt. Samspelet mellom miljø og fagleg tyngd er viktig. Faglege krav skal stillast både til førelesarar og studentar.


Ambisjon for høgskulen

HLB skal vera det viktigaste akademiske kunnskapsmiljø for bygdeutvikling i Noreg. HLB skal ha eit fagmiljø av internasjonalt format.