Statutes – HLB

Statutes

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling SA (HLB)

§ 1. Føremål
Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling SA (HLB) er eit ideelt drive andelslag med
vekslande kapital og medlemstal.

HLB skal gje høgare utdanning etter gjeldande lover og reglar for høgskular og universitet,
HLB skal og drive med forsking, utvikling og oppdragsverksemd, nasjonalt og internasjonalt,
som støtter opp om landbruk, bygde- og regionalutvikling.

HLB har forretningsadresse i Time kommune. Styret kan endra forretningsadresse når ein finn
det føremålstenleg.

HLB kan etablera samarbeid med andre organisasjonar om aktuelle oppgåver.


§ 2. Andelseigarar
Organisasjonar og verksemder i og for landbruket, kommunar, bygdeorganisasjonar/lag,
undervisnings- og fagorganisasjonar, bankar og andre verksemder med aktivitet som er
relevant for høgskulen si verksemd kan verta medlemer i HLB. Styret avgjer medlemskap
etter søknad.


§ 3. Organisasjonsform og ansvar
Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling SA er organisert som eit ideelt andelslag. Kvar
andel kostar Kr. 5000,-. Andelseigarane hefter økonomisk berre for innskott kapital. Andelane
kan ikkje pantsetjast, seljast eller transponerast på andre måtar. Medlemskapen kan seiast opp
med eit års skrifteleg førehandsvarsel, og vert gyldig frå 1. januar året etter at oppseiingsåret
er omme. Utgåande medlem kan etter søknad til styret få tilbakebetalt innskoten kapital i
forhold til attverande kapital i andelslaget. Refundert kapital kan såleis maksimalt verta lik
innskoten sum i kroner.

Andelskapital skal ikkje forrentast.


§. 4. Årsmøte
Årsmøte er laget høgaste organ.

Kvar andel gir rett til ei røyst.

Kvar deltakar i årsmøte kan røyste med fullmakt for ein andelseigar som ikkje møter.
Røystefullmakter skal presenterast for ordstyrar og godkjennast før møtet tar til.

Styremedlemmene har tale- og forslagsrett på årsmøte, men har ikkje røysterett ved val.
Årsmøtet skal handsama desse sakene:

1. Årsmeldinga frå styret
2. Rekneskapen
3. Val av styremedlemer (det skal vere mellom 5 – 7 medlem i styret)
4. Val av tre varamedlemer prioritert i nummerorden
5. Val av styreleiar og nestleiar
6. Fastsette godtgjersle til styret
7. Val av revisor
8. Val av valnemnd
9. Andre innkomne saker til årsmøte

Saker som ein ønskjer å fremja for årsmøte må leverast til administrasjonen i HLB seinast 15.
januar

Årsmøte skal haldast innan 15.april. Seinast to veker føreåt skal alle andelseigarane få
tilsend saksliste, årsmelding og rekneskap. Dokumenta skal sendast med ordinær eller
elektronisk post.

Det skal veljast ei valnemnd som skal ha tre medlemar. Dei skal fungere i tre år, og ordinært
skal eit medlem veljast nytt i kvart årsmøte. Medlemer i valnemnda kan attveljast ein gong.

Fem av medlemene i styret skal veljast på fritt grunnlag av årsmøte. Årsmøtevalde
styremedlemer må ha kompetanse som universitets- og høgskuleloven til ei kvar tid tilseier

Valperioden er to år, med høve til attval.

Alle val skal skje skriftleg, dersom ikkje årsmøte godkjenner annan valform.

Styreleiar skal veljast mellom representantane for eigarane.

Omframt årsmøte kan haldast når vedtaksført styre bestemmer det.


§ 5. Bruken av overskot / dekking av underskot
Styret legg fram for Årsmøte bruken av overskot/ dekking av underskot. Overskot tileignast
selskapets eigenkapital.

Årsmøtet kan ikkje vedta eit høgare beløp enn det styret foreslår eller godtek.
Eventuelle underskot dekkast av eigenkapitalen.


§ 6. Valnemnda
Årsmøte skal velja ei valnemnd på tre medlemer, som skal føreslå inntil fem medlemer til
styret, og koma med framlegg til styreleiar og nestleiar jamført samvirkelova §69. Valnemnda
skal fremja forslag til årsmøte og godtgjersle til styret.

Styret skal ferda ut reglement for valnemnda.


§ 7. Styret
Mellom årsmøta skal andelslaget leiast av eit styre på, mellom fem og sju medlemer.
Eit styremedlem skal veljast av dei tilsette og eit av studentane, i eigne val.
Styret har ansvar for heile verksemda i HLB i tråd med gjeldande lovar og forskrifter.

Leiar for styret skal sørgje for at det vert samankalla til møte så ofte som trengs.
Medlem av styret kan krevja at styret vert kalla saman

Styret i HLB har desse oppgåvene:
*Førebu og kalle inn til årsmøte.
* Tilsetja dagleg leiar/rektor og bestemma løn og arbeidsvilkår for denne.
* Oppnemna tilsetjingsutval for faste undervisnings- og forskarstillingar.
*Ha ansvar for at rekneskapsføringa vert gjort i samsvar med allment
godkjende prinsipp, og syta for årleg revisjon.
*Setja opp framlegg til budsjett for fyljande driftsår
*Koma med framlegg til årsmøte, om disponering av overskot/underskot
jamført samvirkelova §26 ,og universitet- og høgskulelova
*Gje dagleg leiar/rektor prokura om styret ønskjer.
* I saker som bind andelslaget utover prokura gitt til dagleg leiar, skal både
styreleiar og dagleg leiar skriva under nødvendige dokument.

For at styret skal vera vedtaksført, må minst fire medlemmene vera til stades.


§ 8. Dagleg leiar
Dagleg leiar av HLB har tittel rektor.

Rektor skal:
* Ha ansvar for dagleg drift, m.a. syta for nødvendig kontakt med
offentlege styresmakter om godkjenning, tilskot og andre ordningar etter
lov og reglement.
*Ha ansvaret for undervisningsopplegg og opptak av studentar.
* Arbeida ut framlegg til budsjett og årsmelding til styret.
* Vera sekretær for styret.
* Utvikle og vedlikehalde HLB sitt system for kvalitetssikring.
* Ha ansvar for tilsetting av personale som ikkje er nemnt i §7.
* Ha personalansvar for dei tilsette og representere HLB som arbeidsgivar.
* Syte for utvikling og marknadsføring av høgskulen sitt
undervisningstilbod.
*Ha det overodna ansvaret for forsking-,utviklings-og oppdragsverksemd
ved høgskulen
*Representere HLB utetter.


§ 9. Vedtektsendring
Vedtektene kan endrast av årsmøtet. Framlegg om endring av vedtektene må støttast av minst
to tredelar av stemmene i årsmøtet. Seinast tre veker før årsmøtedato skal medlemene ha fått
melding om og grunngjeving for framlegget til vedtektsendring.


§ 10. Avvikling av andelslaget
Avvikling av Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling SA kan berre gjerast av lovleg
innkalla årsmøte, ved at dei som røystar for framlegget om avvikling representerer minst
tre firedelar av medlemane i laget. Dersom HLB vert oppløyst skal attverande nyttast i tråd
med § 1 Føremål, etter at andelskapitalen er tilbakebetalt.


§ 11. Rettslege forhold
Mogelege tvistar mellom medlemene og andelslaget skal ein lengst mogeleg prøva løysa på
minneleg vis. Lukkast ikkje dette, skal spørsmålet avgjerast ved voldgift. Kvar av partane
nemner opp ein medlem til voldgiftsnemnd, medan leiaren skal peikast ut av Sorenskrivaren
i Jæren. Jæren tingrett er verneting for andelslaget.


Vedteke av Årsmøte i HLB…12 mars 2012…og justeringar i elektronisk møte 20 april.2012, samt årsmøte 12. mars 2018.