History – HLB

History

Bakgrunn – historie – utvikling

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) er ei nyskaping i universitets- og høgskulesektoren i Noreg. Organiseringa som samvirkelag (i beste bygdeand), er også unik i internasjonal forstand. HLB har i dag meir enn 100 andelseigarar, og blant desse finn ein både regionale utviklingsaktørar, småbedrifter og dei aller fleste lokallag av bondelag, småbrukarlag og bygdekvinnelag i Sør-Rogaland.

Formelt ”oppstod” skulen 2. mars 2005 etter eit vedtak om namneendring i styret for Høgskulen på Jæren. Dagfinn Høybråten stod for den offisielle opninga av Høgskulen landbruk og bygdenæringar BA 12. mai 2005.

Høgskulen på Jæren har heller inga lang soge, den vart skipa 3. november 2001.

Såfrøet til det som i dag er Høgskulen landbruk og bygdeutvikling vaks fram i miljøet kring Vinterlandbruksskulen – med tidlegare rektor (både for vinterlandbruksskulen og seinare høgskulen) Ola Hovda som ei viktig drivkraft.

HLB kom inn på statsbudsjettet frå 2005, og blei då sikra stabile økonomiske ramer.

HLB sitt viktigaste studietilbod er Bachelorutdanninga i bygdeutvikling. Denne vart akkreditert av Kunnskapsdepartementet i 2010, og er eineståande av sitt slag i Skandinavia.

Utover BA-utdanninga, tilbyr høgskulen ei rekkje enkeltstudiar:

Studiet Handlingskompetanse vart utvikla i samarbeid med Rogaland Høgskule (Vernepleiehøgskulen), med oppstart hausten 1998 og dei første studentane vart uteksaminert våren 2001. I oktober 2002 fekk høgskulen eiga godkjenning og eksamensrett for studiet Handlingskompetanse.

Studiet Økonomi og leiing vart utvikla i samarbeid med Høgskulen i Telemark i 1999, med oppstart hausten 2001, og dei første studentane vart uteksaminert våren 2003. I desember 2002 fekk høgskulen godkjenning og eksamensrett for studiet Økonomi og leiing.

Studiet Husdyrproduksjon hadde oppstart hausten 2004. Siste foreløpige kull vart teke opp i 2008 og avslutta i 2010. Det har synt seg å vera lite interesse for dette studiet, og difor uråd for HLB å oppretthalda eit eige fagmiljø på feltet. Studiet vart avvikla frå 2012.

Studiet Nyskaping (med fokus på bygderessursar) vart akkreditert i 2006, og starta opp med første kull i 2010.

Studiet Hest i Næring vart akkreditert i 2011 og starta opp som fulltidsstudium same år. Frå 2013/14 skal kurset køyrast som halvårseining på 30 studiepoeng, medan den opphavlege modul II er omgjort til å handla om landskap, forvalting og utvikling.

HLB har i perioden frå 2010 og framover arbeidd med å byggja opp eit fagmiljø rundt innovasjon, nyskaping og bygdeutvikling som held særs høgt nivå både nasjonalt og internasjonalt. Dette har gjort høgskulen til ein ettertrakta kunnskapspartner i forsking og utviklingsarbeid både i inn- og utland. Kvalitetsløftet kjem og studentane ved høgskulen til gode.

HLB har valt “Kunnskap for utvikling!” som sentralt motto. I dette ligg at all kunnskap som blir produsert og formidla ved høgskulen i størst mogleg grad skal kunna nyttast direkte i lokale/regionale entreprenørskaps- og utviklingsprosessar.
Rektor ved HLB frå april 2010 er sosialantropolog og bygdeutviklingsforskar professor dr. philos Dag Jørund Lønning.

HLB har over dei siste åra utvikla seg til å bli eit leiande fagmiljø for bygdeutvikling i Skandinavia. På biletet til høgre ser me bak frå venstre førsteamanuensis Rhys Evans, førstelektor Johan Barstad, høgskulelektor Eli-Grete Høyvik og førsteamanuensis Eli Janette Fosso. Framme er rektor Dag Jørund Lønning og høgskulelektor Anny Hagesæter. Professor Daniel Lange og professor Håvard Teigen var ikkje til stades då biletet vart teke.