Eit forsvar for klimautskjelte beitedyr – HLB

Eit forsvar for klimautskjelte beitedyr

Foto: Shutterstock

Av Dag Jørund Lønning, professor og rektor HLB

Eit rekneskap har både inntekter og utgifter. Også klimarekneskapet. Om ein berre fokuserer på utgiftssida (utsleppa), vert talet på botnlina fort hakkande gale.

Når konklusjonen er naturstridig må den rett og slett vera feil

Mange av oss som arbeider med landbruk hugsar Erna Solberg sitt noko uheldige utspel i VG om at norske kyr har for store utslepp bak. Ho blei raskt irettesett og fortalt at utsleppa stort sett kjem framme. Samtidig sa statsministeren noko i det same intervjuet som ikkje har blitt imøtegått, nemleg at dei av oss som et kylling og svin kan ha betre klimasamvit enn dei av oss som et raudt kjøt.[1]

Bakgrunnen for uttalen til Solberg, og datagrunnlaget til norske forskarar som har hamna på same konklusjonen[2], synest å vera eit enkelt og sjølvsagt poeng: Dyr som frå naturen si side produserer metan i vomma slepp ut meir metan enn dyr som ikkje gjer det.

Men kan ein verkeleg gå frå denne noko banale observasjonen til ein konklusjon om at dyr som står inne og et kraftfôr er meir «klimavennlege» enn dyr som går ute og et gras? Tilsynelatande. Også i den mykje omtala filmen «Cowspiracy», som handlar om dei negative klimaverknadene til verdas kvegindustri. Diverre kokar ein viktig bodskap bort i underlege påstandar. Mellom anna blir det hevda at det faktisk er meir «klimavennleg» at kyr står i gjørme i såkalla «feedlots» og et soya, enn at dei et gras på beite

Eg trur dei fleste reagerer intuitivt på slike konklusjonar. Skulle det vera meir «klimavennleg» at dyr går tett i tett under forhold som er fullstendig unaturlege for dei og, i tillegg, blir proppa fulle av kraftfôr (som heller ikkje er naturleg mat for kyr)?

Det må rett og slett vera noko gale med føresetnadene for reknestykket. Natur kan ikkje vera naturstridig. Det kan faktisk ikkje vera slik at det mest mogleg naturlege er mindre klimavennleg enn det nesten 100% kunstige.

Dag Jørund Lønning

Natur kan berre forståast som mangfald

Så kva er det då som manglar i utrekninga over? Vel, eigentleg er heile tilnærminga problematisk. Reduksjonisme kallar ein metodar som meiner å kunna forstå heilskap gjennom analyse av enkeltdelar. Det let seg kanskje gjera med daude objekt, men ikkje med levande natur. Natur er alt for mangfaldig og avansert til å la seg redusera på dette viset. For me kan trygt gå ut frå følgjande: Når prosessar i naturen produserer eit overskott av noko, så motsvarast dette av andre prosessar der overskottet blir nyttiggjort.

All biologisk aktivitet gjev utslepp av CO2 (og andre klimagassar). Slik vil det alltid vera. Men naturen har sine eigne prosessar for å fanga desse utsleppa opp. Desse er inntektssida i eit klimarekneskap. Karbon er livets kjelde og viktigaste næring for det enorme livet i den levande molda. Molda er planeten sitt største karbonlager. I eit system i balanse, skal det gå om lag like mykje karbon ned i molda (gjennom fotosyntese og samarbeid mellom plante og mikroorganismar i molda) som det stig opp.

Men på grunn av måten me menneske misbrukar molda på (m.a. gjentatt pløying og storskala kjemikaliebruk), er desse karbonlagra i ferd med å tømmast. Utarma jord er jord der livet er borte. Slik jord blir ei vedvarande kjelde til klimautslepp. Hovudproblemet er difor ikkje naturlege utslepp frå dyr, men at me øydelegg dei prosessar i naturen som skal fanga og lagra desse utsleppa.

Om beiting som klimaløysing

Men det går an å driva jorda og beitinga på måtar som gjer at molda igjen lagrar karbon. Gjennom arbeidet med Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre (kjem 16 oktober), har eg reist verda rundt for å møta bønder og forskingsmiljø som har kome langt i dette. Eg har og gått gjennom store mengder litteratur. Ein konklusjon er at me berre er i startfasen når det gjeld kunnskapen om korleis me aktivt kan medverka til å lagra karbon og difor byggja mold. Men nokre av dei mange forsøk med dette som no skjer rundt om på planeten, har gjeve svært lovande resultat.

Der moderne, industrielt landbruk i stor grad handlar om å jaga det naturlege bort, er det å etterapa naturen sine eigne prosessar vesentleg for effektiv karbonlagring. Karbonlagrande beitebruk krev dyr i stadig rørsle. Dette kan løysast gjennom oppdeling av totalarealet i mange små skifte. Dyra beitar gjerne berre ein dag eller to pr. skifte. Då vert berre ein del av grasstrået ete, noko som stimulerer stor rotaktivitet (utsondring av karbon) og mykje mikroliv. Dette gjev meir næring rundt planterøtene og tilsvarande betre gjenvekst. Med slik teknikk er det oppnådd karbonbinding i mold på godt over tonnet pr. dekar.

Om me då trekkjer frå 25% av dette som metanutslepp,[3] sit me likevel att med eit stort overskott i klimarekneskapet. Frå å vera versting i eit klimaperspektiv, har beitedyret blitt ein vesentleg del av løysinga.

Og då byrjar me kanskje samtidig å ana kor Erna Solberg (og forskarane som støttar hennar klimaomfamning av innestengde kraftfôretarar) bommar i sine kategoriske konklusjonar. Ho gløymer inntektssida. Ja, kyr slepper naturleg ut meir metan enn kylling, men der beiting under naturlege tilhøve kan ha ei stor inntektsside i klimarekneskapet, er karbonlagringa der tusenvis av kyllingar går tett i tett på eit betonggolv ganske nøyaktig null. Det siste er også situasjonen for kyr i gjørmehol og «feedlots».

Bison og metanetande bakteriar

Nyleg sat eg og funderte over følgjande spørsmål: Om me går tilbake til tida før settlarane koloniserte (og etter kvart øydela – i dag er det berre 3% att) den amerikanske prærien, så var dette enorme grasområdet heimen til kolossale mengder bison. Kanskje så mange som 40 – 50 millionar. Dette er i alle fall halvparten av det totale talet på kyr i USA i dag.

Foto: Shutterstock

Bison (samt gnu og veldig mange andre ville beitedyr) er metanproduserande, og dei var meir enn mange nok til at det burde ha gitt utslag på metaninnhaldet i atmosfæren. Men dette byrja likevel berre å stiga etter at mennesket for alvor byrja å endra sine omgivnader med ny teknologi. Så kvifor slo ikkje bisonbeiting ut?

Også her handlar svaret truleg om mold og natur. For i molda finst det ei gruppe bakteriar som et og omgjer metan. Det verkar å vera to føresetnader for at desse bakteriane skal trivast; metanrikt miljø og urørt mold. Dei må ha vore til stades i enorme mengder på den amerikanske prærien, og medverka til eit metankretsløp i balanse. Kva med i dag? Forsking indikerer at jordlevande metanetande bakteriar er særleg sårbare for menneskeleg omdanning av molda gjennom pløying og kjemikaliar.[4] Dei døyr rett og slett ut. Om dette er tilfelle, kan det vera ei sentral forklaring på at langt meir metan no stig opp i atmosfæren.

Mot eller med naturen?

Skal me menneske lukkast i klimakampen må me sjølvsagt halda fram med å redusera utslepp, men kanskje er det enno større gevinstar å henta ved å auka inntektssida i klimarekneskapet. Både beitebruk og dyrking av grønt kan potensielt bli klimapositive aktivitetar.

Ein føresetnad er at me innstiller kampen mot naturen og heller lærer oss å læra av den.

(Denne teksten står på trykk i Bondevennen 28.09.17 – som del av kronikkserien Moldrok)

[1] http://www.vg.no/nyheter/innenriks/klimatrusselen/bonde-om-ernas-prompeutspill-total-mangel-paa-kunnskap/a/23567739/

[2] Notat frå Grønlund og Mittenzwei i NIBIO med tittel «Klimautslepp i kjøttproduksjonen». Datert 15.02.16.

[3] Toensmeier, Eric 2016: The Carbon Farming Solution.

[4] Det europeiske Metheco-prosjektet.