Dialogbasert utvikling. Manual for lokal mobilisering og demokratifornying. – HLB

Dialogbasert utvikling. Manual for lokal mobilisering og demokratifornying.

Mobilisering – det å få andre med – er noko av det vanskelegaste i alt utviklingsarbeid. Dette er uansett om ein arbeider for å utvikla organisasjonar, bedrifter, bygder, regionar eller byar.

For første gong i Norge, kjem det no ein «manual» i det å leggja til rette for effektive og involverande mobiliseringsprosessar. Boka er skriven av professor Dag Jørund Lønning.

Eit sentralt tema i boka er spørsmålet om eigarskap, og Lønning presenterer følgjande gylne regel for alt mobiliseringsarbeid: Den/dei som skal mobiliserast må kjenna eigarskap til mål/ide, kjenna at «dette handlar om meg/oss». Tek ein ikkje dette på alvor, vil prosessen alltid mislukkast, skriv han.

Når byråkratiet og sektorane veks seg sterkare, og meir og meir makt og mynde vert overført frå folkevalde organ til ikkje folkevalde sektormyndigheiter, blir det stadig vanskelegare å rigga prosessar som kan gje denne eigarkjensla. Og når den enkelte sitt rom for å påverka blir mindre, minkar også lysta til å delta.

Boka er difor også ein invitasjon til ein offentleg samtale om det norske demokratiet. Me treng eit langt meir deltakande lokaldemokrati, hevdar Lønning, eit folkestyre som i større grad inviterer enkeltmenneske inn som aktive samfunnsutviklarar. Me treng rett og slett demokratifornying, skriv han.

Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren. Han har arbeidd i mange år med forsking og utviklingsoppdrag knytt til nyskaping og mobilisering, og har skrive ei lang rekke bøker og forskingsartiklar. Boka byggjer på dette erfaringsgrunnlaget, men den har og eit særleg fokus på jærregionen og møtet mellom eit tradisjonelt produksjonslandskap og eit framveksande urbant opplevingslandskap.

Boka er utvikla som del av HLB sitt arbeid med dialogbasert arealforvalting. Dialog som verdiskapingsverktøy er særleg vektlagt.

Samarbeidspartnerar og bistandsytarar har vore kommunane i Jærrådet, Rogaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Rogaland, Jærsmiå og Kommunal og Moderniseringsdepartementet (byregionprogrammet).

Boka er rikt illustrert med fargefoto og utgjeven på Jæren Forlag.

Lønning, Dag Jørund 2014. Dialogbasert utvikling. Manual for lokalt mobiliseringsarbeid og demokratifornying. Jæren forlag.