Dialogarbeidet tok av – HLB

Dialogarbeidet tok av

Fantastisk stemning og full sal (200!) då Jærsmiå, og resultata frå HLB sitt dialogarbeid, vart presentert offentleg i Klepp rådhus.

Jærsmia si prinsipperklæring «Ja, me kan både verna matjorda og bygga for ei veksande befolkning!» vart offentleggjort og overlevert til Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Blant dei 200 frammøtte var lokal- og regionalpolitikarar, forvaltar, representantar frå ei rekke lag og organisasjonar i regionen, frå bønder, utbyggarar, næringsforeining, sentrumsforeiningar og bygdelag.

Møtet vart innleia av professor Dag Jørund Lønning. Lønning er leiar for Jærsmiå, og fortalde ei engasjert forsamling om kvifor dialog er nødvendig for å løysa arealkonfliktane i jærregionen. Lønning presenterte og tankane bak og hovudpunkta i Jærsmiå si prinsipperklæring.

Etter Lønning følgde presentasjonar frå dei to smiedeltakarane Ingve Berntsen (bonde) og Cato Østerhus (utbyggar). Begge fortalde korleis dialogarbeidet hadde skapt langt betre relasjonar og forståingar mellom dei ulike interessene. Østerhus sa i sitt innlegg at med ei betre tilrettelegging i regionen, og med å følgja prinsipperklæringa sine anbefalingar, burde det ikkje vera naudsynt å bygga ned ein kvadratmeter matjord.

Lønning, Berntsen og Østerhus overleverte deretter den innramma prinsipperklæringa til «fylkeskåno», Magnhild Meltveit Kleppa.

Etter ein pause fekk Kleppa ordet. Ho takka for erklæringa, og lova både å følgja den opp og gje den ein fin plass i Statens Hus. Kleppa sa elles at det alltid må vera eit mål å gjera dialogen betre. Ho takka for Jærsmiå sitt arbeid, og håpa på meir dialogaktivitet i regionen.

Ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese, er og jærsmiemedlem. Ho fortalde om eit gjevande dialogarbeid som både hadde ført til mykje prosesslæring og langt betre relasjonar mellom dei ulike partane. Ho såg og fram til det vidare arbeidet.

Siste del av møtet vart dei mange frammøtte utfordra til å delta i dialogen. Det summa friskt rundt dei mange borda om korleis me kan skapa betre relasjonar og inkluderande arealprosessar i jærregionen.

Dialogportalen er no open. Denne skal bli ein ressurs og møteplass for heile regionen, men også for alle – over heile landet – som arbeider med å skapa gode og inkluderande utviklings- og arealprosessar.Her kan ein og lesa den nye prinsipperklæringa.

Jærsmiå oppfordrar til vidare mobilisering rundt erklæringa.Smia skal fortsetja arbeidet, og vil gjerne ha innspel til tematikk. Fleire nye dialogprosjekt er på gang i regionen. I løpet av hausten kjem også Dag Jørund Lønning si nye bok «Dialogbasert utvikling. Manual for lokalt mobiliseringsarbeid og demokratifornying».