Den skapande forskaren. Teoretiske, metodiske og strategiske fundament for ei utviklingsretta forskarrolle. – HLB

Den skapande forskaren. Teoretiske, metodiske og strategiske fundament for ei utviklingsretta forskarrolle.

Samfunnsforskaren både kan og bør verta ein meir aktiv aktør i utviklingsprosessar, seier HLB-rektor Dag Jørund Lønning i den nye boka Den skapande forskaren. Teoretiske, metodiske og strategiske fundament for ei utviklingsretta forskarrolle.

Boka introduserer og definerer forskaren som nyskapar – som direkte medverkar i sosiale, kulturelle og økonomiske verdiskapings- og utviklingsprosessar. Samfunnsforsking kan gjerast langt meir ”nyttig” for andre utviklings- og samfunnsaktørar, hevdar forfattaren, og tek til ordet for å endra fokus og mål frå forsking til forsking for, frå distansert observasjon til deltakande nærleik.

Forfattaren byggjer gjennom boka opp eit alternativt kunnskapsmål – utviklingskompetanse – forskingsbasert kunnskap for nyskaping og positiv endring.

Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar på Jæren. Han har ein sosialantropologisk og prosessfilosofisk dr. philos. – grad om nyskaping i norske regionar og bygdesamfunn, og har mange års erfaring frå utviklingsretta forskingsarbeid både i Noreg, Europa og i land på den sørlege halvkula. Lønning har skrive ei rekkje fagbøker og artiklar om bygde- og regionalutvikling, landbruk, nyskaping og natur- og kulturbasert stad/næringsutvikling.

Boka er utgjeven på Tapir akademisk forlag.