Den nye grøne revolusjonen: Mot det høgproduktive og klimapositive framtidslandbruket – HLB

Den nye grøne revolusjonen: Mot det høgproduktive og klimapositive framtidslandbruket

Topp internasjonale namn innleiar i Storstova på Bryne på Verdas Matvaredag 16. oktober 2017 (kl. 10:00 – 16:00)!

HLB inviterer til stort lanseringsseminar for professor Dag Jørund Lønning si Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre – boka om den utrulege matjorda.

PÅMELDING

Sentrale tema:

  • Korleis kan landbruket bli både langt meir produktivt og langt meir klima-/miljøvennleg – og det på ein gong?
  • Kan molda vera det aller mest effektive klimatiltaket?
  • Ulike perspektiv på forholdet mellom menneske og mold: Vart samspel. Brutal øydelegging. Draumen om nærleik til naturen

Hovudinnleiarar:

  • Bøndene Tom & Elizabeth Kaiser frå Singing Frogs Farm i det nordlege California. Dei har motteke ei rad høgthengande prisar for høgproduktiv, nyskapande og miljøvennleg gardsdrift. Dei er kanskje verdas mest produktive bønder måla i økonomisk verdiskaping pr. arealeining. På eit småbruk på under 40 da produserer og sel dei grønsaker for nesten 9 mill. kr og tilset sju personar. Og det utan å pløya, sprøyta, gjødsla og luka. Korleis får dei det til?
  • Den kjende amerikanske forfattaren og miljøforkjemparen Courtney White, ein av dei som har arbeidd mest med klimavennleg landbruk i verda. Høyr han fortelja om korleis landbruk kan gå frå å vera ein av dei fremste årsaker til klimaendringar til å bli den viktigaste klimaløysinga. White er forfattaren av boka Grass, Soil, Hope. A Journey through Carbon Country, og ei rekke andre bøker om regenerativt, berekraftig landbruk og om verda sine miljøutfordringar.
  • Kari Gåsvatn, prisløna kommentator i Nationen og ein av landets aller kvassaste landbruksjournalistar gjennom mange år. Frå si skrivestove i Berlin tilfører ho stadig den norske landbruks- og matdebatten ny kunnskap og utfordrar oss alle til å tenka nytt. Høyr kva Kari meiner er framtida for norsk og europeisk landbruk.
  • Professor Dag Jørund Lønning, rektor ved HLB, har vore utnemnd til både Årets landbruksbloggar og Årets bygdeprofil. Høyr han presentera Jordboka og gje eit djupdykk ned i det utrulege livet i matjorda. Den nye kunnskapen om kva mold eigentleg er utfordrar dei fleste etablerte sanningar om landbruk og hagebruk, og har kraft i seg til å endra forholdet mellom menneske og natur for all framtid.

 

I tillegg til hovudinnleiingane, blir det helsingar og kortare innlegg/kommentarar, også frå sentrale politikarar. Det blir og gode høve til diskusjon og prat. Endeleg program med tidspunkt blir klart i august/september.

Programleiar for dagen: Tom Hetland, kommentator/konsulent, tidlegare sjefsredaktør i Stavanger Aftenblad.

Deltakaravgift og påmelding

Ordinær: 450,-

Skuleelev/student: 300,-

Deltakaravgifter inkluderer lett lunsj

Påmeldingsfrist 28.09.17. Det kan løna seg å melda seg på tidleg, ettersom påmelding held fram til lokalet er fult.

Lenke til påmeldingsskjema

Info om stand

Bedrifter og lag/organisasjonar som ønskjer å ha stand denne dagen, kan ta kontakt med ml@hlb.no (ev. ringa 51799400) for nærare info om vilkår.

Kernza. Ein del av den nye jordbruksrevolusjonen

Kjøp av Jordboka

Det blir høve til å kjøpa signerte kopiar av Jordboka til rabattert pris under seminaret. Signerte og rabatterte kopiar kan og forhåndsbestillast saman med påmelding. I så fall blir boka utlevert ved registrering.

Transport/overnatting

Storstova ligg mindre enn 5 minuttars gange frå Bryne togstasjon. Direkte flybuss frå Sola stoppar og der.

For dei som treng overnatting, ligg Jæren Hotell og Bryne kro og hotell like ved Storstova. Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) har avtalar med begge hotell – gje opp at du skal på konferanse med oss ved bestilling.

Det finst og fleire andre overnattingstilbod i området.