Den nye grøne revolusjonen er i gang – HLB

Dag Jørund Lønning: Me er alle fødde som moldelskarar

Jordbokforfattaren les essayet «Far min. Bonden» for ei fullsett Storstova på Bryne.

For ein fantastisk dag den blei, dagen då Jordboka blei lansert i ei fullsett Storstove på Bryne. Stemninga i salen vart nærast elektrisk ettersom det eine faginnlegget etter det andre peika ut ei ny og moldvennleg utviklingsretning for framtidslandbruket, ei retning som kan gje langt høgare produktivitet, langt meir miljø- og klimavennleg produksjon, og til og med setja det skapande og leikande mennesket tilbake i sentrum.

Dag Jørund Lønning: Me er alle fødde som moldelskarar

«Magisk!» «Utruleg!» «Eg har ikkje kjent meg så glad på lenge!» «Dette endrar det meste!» Slike kommentarar var det mange av blant dei 400 deltakarane. Dei var komne frå heile Norge, til og med frå Sverige og Danmark, for å ta del i lanseringa. Her var dei alle, politikarar, forvaltarar, bønder, miljøvernarar, studentar, skuleelevar, forskarar, hagebrukarar.

Samspel, brutal øydelegging, håp

Ordførar i Time, Reinert Kverneland, fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal og styreleiar i HLB, Odd Arild Kvaløy

Seminaret vart opna med korte helsingar frå styreleiar i HLB, Odd Arild Kvaløy, ordførar i Time, Reinert Kverneland, og fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal.

Seminaret var bygd opp rundt fire faglege innleiingar. Jordbokforfattaren, professor Dag Jørund Lønning, starta, og gav dei frammøtte eit djupdykk ned i det desidert største livsuniverset på planeten, molda. Lønning fortalde om tette band mellom menneske og mold, band som går veldig langt tilbake, men også om korleis me dei siste tiåra, grunna våre industrielle produksjonsmetodar, brutalt har øydelagt enorme område med levande mold.

Forfattaren lanserer Jordboka

Først og fremst handla likevel innlegget om håp, om korleis den nye kunnskapen om kva mold er og gjer, kan bana veg for nye og uhyre produktive samspel mellom menneske og dei skapande kreftene under føtene våre. Eit slikt samspel kan både revolusjonera matproduksjonen, føra mennesket nærare naturen, og til og med redda klimaet vårt. Men skal me lukkast, må mykje endrast; tenkemåtar, handlemåtar, politikk, forvalting, osv.

Det karbonlagrande landbruket

Den verdskjende amerikanske miljøforkjemparen og forfattaren Courtney White bygde vidare på same tema, og viste korleis eit karbonlagrande landbruk kan utviklast i praksis. Meir og meir forsking peikar no i retning av at landbruket – ved å spela på lag med molda – kan gjerast klimapositivt, sa White. Landbruk kan gå frå vera årsak til å bli løysing i klimaspørsmålet.

Courtney White

Husdyra våre er viktige her. Jord skal vera dekka av grøne, karbonfangande, plantar, og i mange område i verda er dette berre mogleg å oppnå med beitedyr. Me har øydelagd enorme landområde. Beitedyra kan hjelpa oss med å restaurera dei. Kjøt frå slikt landbruk kan ein og trygt eta.

Det sentrale er at me menneske ikkje driv jorda på måtar som gjer at det skapande livet i molda døyr, for dette er heilt avgjerande i karbonsirkelen. Korleis drep me dette livet? Gjennom storskala pløying og kjemikaliebruk.

Far min. Bonden

Bolken før lunsj vart avslutta med at jordbokforfattaren leste essayet (henta frå boka) Far min. Bonden. Denne sterkt personlege teksten handlar om inspirasjon, om leik, om å læra av og med molda. Om å utfordra etablerte sanningar, og om kva «grøne fingrar» eigentleg er..

Det høgproduktive og miljøvennlege framtidslandbruket

Elizabeth og Paul Kaiser frå Singing Frogs Farm. Kanskje verdas mest produktive bønder

Bolken etter pause starta med Paul og Elizabeth Kaiser frå Singing Frogs Farm i det nordlege California. Dei er kanskje verdas mest økonomisk produktive bønder – om ein måler pr arealeining. Dei produserer og sel grønsaker for 105 000 dollar pr. acre (pr. 4 dekar), eit utruleg tal for dei fleste. Det var musestilt i Storstova då dei steg for steg gjekk gjennom korleis dei arbeider. Tre hovudprinsipp blei presenterte: 1. Forstyrr molda og livet der så lite som mogleg. 2. Dyrk eit mangfald av vekstar så ofte som mogleg. 3. Ha jorda dekka med vekstar så ofte som mogleg.

Jordbokforfattar Dag Jørund Lønning med dei amerikanskje innleiarane

Det handlar om å lokka naturen inn i produksjonen, om aktivt å leggja til rette for alt det som finst rundt ein av nyttedyr både over og under jorda. Det handlar også om å produsera heile året, sjølv når frosten kan liggja i vekevis. Det siste er mogleg med å dyrka vekstar som toler å stå ute (eller under fiberduk) i frost.

Sjølv har dei sett ein eventyrleg auke både i organisk materiell i jorda og i økonomisk verdiskaping etter at dei la om frå tradisjonell, pløyebasert drift til eit pløyefritt og naturbasert landbruk.

Behov for endring

Journalist og kommentator Kari Gåsvatn, kjend frå Nationen sine spalter, var neste innleiar. Ho vektla behov for ein landbrukspolitikk som stimulerer lokale verdikjeder, som legg betre til retta for folkeleg involvering i matproduksjonen («matdemokrati»), og som langt betre vernar om livet i molda.

Dagen blei avslutta med opplesing av eit lite utdrag frå Jordboka. Utdraget blei lese av Maia Lønning, dotter til forfattaren. Ho har teke mange bilde til boka, og står også for illustrasjonane. Utdraget handla om kor ørande lite matjord me eigentleg har att, og kor avgjerande viktige det er at me no snur frå å øyda mold til å byggja mold.

Programleiar for dagen, Tom Hetland, kunne etter dette ønskje ei særs nøgd forsamling vel heim.

Forfattaren signerer Jordboka

Courtney White om klimavennleg kvegdrift

Du kan lesa mykje meir om alt dette i Jordboka.Det vart selt og signert fleire hundre bøker under lanseringsseminaret.

Dag Jørund Lønning: Mennesket må gå frå å øydeleggja natur til å byggja mold/natur

Den kan no tingast frå nettbutikken.

Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre

Men det er og stor pågang frå bokhandlarar over heile landet, så snart er nok Jordboka i ein bokhandel nær deg.

Alle foto: Christel Bachmann Barbo, HLB