Byfolk vil ha bønder og eit strengt jordvern – HLB

Byfolk vil ha bønder og eit strengt jordvern

Sandnes er landets raskast veksande by, men også ein av landets største landbrukskommunar. Det første veit dei fleste, det siste dei færraste. Det er og lite eller ingenting i Sandnes si fysiske byutforming som vitnar om at dette er sentrum i ein stor landbrukskommune.

Her går Sandnes glipp av ein mulegheit til å skapa noko heilt nytt og unikt i Norge, eit bysentrum og ein byidentitet som utgår frå ein produktiv integrasjon mellom det urbane og det landlege/rurale, skriv Dag Jørund Lønning i ein ny forskingsrapport.

Rapporten byggjer på intervju med 520 sentrumsbrukarar i Sandnes og med om lag 100 bønder i kommunen. Blant båe gruppene kjem det fram klare ønskje om eit langt meir synleg og «bynært» landbruk, eit landbruk som i større grad enn i dag fokuserer på produksjon av kortreist mat, samt opplevingar og tenestar til ei raskt veksande bybefolkning. Landbruk engasjerer positivt i Sandnes, og støtta til eit aktivt, lokalt landbruk går på tvers av alle folke- og aldersgrupper.

Ei av dei store utfordringane på Nord-Jæren er kampen om areala. I den nye forskingsrapporten kjem det fram at heile 91% av sentrumsbrukarane seier at det er «svært viktig» å ta vare på så mykje matjord som råd i Sandnes. Eit stort fleirtal seier også at dette er langt viktigare enn å byggja nye hus. Det har truleg aldri før vore målt ei sterkare jordvernstøtte nokon stad i Norge. Dette i ein by der Høgre og FrP har 26 av 49 bystyrerepresentantar og fekk 51,4% av stemmene ved siste stortingsval. Dette indikerer at Høgre/FrP kan vera i konflikt med eigne veljarar når dei opnar for eit svakare jordvern i regjeringserklæringa.

Rapporten presenterer nokre av resultata frå forskingsprosjektet «Landbruksbyen Sandnes», eit arbeid som er støtta av Sandnes kommune.

Arbeidsrapporten «Byfolk om bønder. Kan landbruket gje Sandnes ein unik byidentitet?» kan lastast ned her.

For kommentarar: Rapportforfattar Dag Jørund Lønning. Tlf 51799408 / 99509125

Kontaktperson i Sandnes kommune er landbrukssjef Daniela Dobbert.