Bli med i nettverk for regenerativt landbruk – HLB

Bli med i nettverk for regenerativt landbruk

I samband med lansering av Jordboka II ønskjer HLB å ta initiativ til å opprette eit nettverk rundt regenerativt/naturnært landbruk. Her vil me dele informasjon om arbeidet i sektoren både nasjonalt og internasjonalt. Medlem vil få sjansen til å kome med innspel, og vil kunne bli inviterte som potensielle prosjektpartnarar i HLB sitt arbeid rundt temaet. 

Alt de treng å gjere for å melde dykk inn, er å trykkje på lenkja under og fylle inn namn, e-post og eventuell knyting til organisasjon.

Trykk her for å melde deg på »